Free Web Hosting by Netfirms
Web Hosting by Netfirms | Free Domain Names by Netfirms

BIRGIT SPIKKELAND, EVJE
ROSEMÅLAR I 59 ÅR.

Birgit Viki heitte ho og blei fødd i 1922 i Valle i Setesdal. Vinteren 1939 / 40, 17 år gamal, kom Birgit til Ryfylke Arbeidsskule i Sand. Der begynte ho på rosemålarlina til telemarkingen Knut Hovden. Der sat ho med rosemåling kvar dag i 6 månader frå kl. 9 - 16. Her møtte ho Gerhard Spikkeland frå Finsland i Vest - Agder som gjekk på treskjerarlina og som seinare skulle bli mannen hennar. Han laga mange kister og tiner og kubbestolar til henne gjennom eit langt liv, til han døde i 1997. Særleg etter at han blei pensjonert frå arbeidet på Ljosland Trevarefabrikk på Hornnes, reparerte og restaurerte han mange gamle ting som Birgit kunne få måle på .

FØRST TIL ØYSLEBØ I VEST - AGDER, SÅ TIL EVJE.
Birgit flytta med sin Gerhard til Surteland i Øyslebø, i Vest - Agder. Etter kvart har ho fått åtte barn og tjuetre barnebarn. Inntektene av målinga dei første åra gjekk stort sett til å leige tenestejente på garden så Birgit kunne få måle og utvikle seg som rosemålar.Etter ein del år overtok nesteldste sonen garden på Surteland, og Birgit og Gerhard flytta til eit småbruk på Evje som Birgit hadde arva etter farsyster si. På Evje bygde dei seg nye hus som Birgit har dekorert med rosemåling på dører, skåp og himmelsenger.

RÅMÅLA TAKET PÅ PEISESTOVA - MEDAN HO LEI AV ISJAS.
Knut Hovden hadde ein gong synt elevane på rosemålarlina korleis han i sitt hus hadde dekorert taket med ein spesiell målingsteknikk han kalla råmåling. Seinare brant dette huset ned for han, og store kunstskattar gjekk tapt. Først i 1977 kom Birgit til å dekorere taket i kjellarstova på Evje medan ho hadde isjas. Då låg ho på eit stillas med madrass på og måla store roser med elegante sveivar vått i vått. I denne teknikken blir flata grunna med linoljemåling som tørkar seint, og som ikkje kan teiknast på. Birgit måtte måle direkte og raskt inn i den våte grunninga.

INGEN HAR GJEVE MEIR INSPIRASJON TIL MÅLINGA HENNAR ENN KNUT HOVDEN.
Vanlegvis målar Birgit Spikkeland i den kjende telemarks-stilen til Knut Hovden, men sjølvsagt med sitt eige, personlege særpreg. Birgit sine fargeval ligg nok langt frå Hovdens, og dessutan blandar ho fargane meir enn han gjorde. Ingen har likevel som Knut Hovden inspirert henne med sin fargeglade mønsterkomposisjon. Han var ein inspirerande kunstnar på mange vis.


HAR RESTAURERT MYKJE VEST - AGDER MÅLING.
I Vest - Agder kom Birgit Spikkeland til å restaurere rosemåling etter ei rekke Vest - Agder -målarar.Ein av dei ho restaurerte arbeid etter var telemarkingen Per Svalle, som hadde budd og arbeidd mange år på Kaddan i Laudal før han utvandra til til Amerika. Hans stil kunne ofte kome svært nær Vest - Agder - stilen. Elles har Birgit Spikkeland restaurert ei rekke arbeid av Jørund Tallakson Tjørhom,Olav Torgrimson Knaben, Andreas Olsen Kvinlaug, Olav Versland, Olav Torgeirson Sinnes, Tore Asbjørnson Risøyne og ikkje minst Guttorm Person Eftestøl.

MÅLAR INNI, UTAPÅ, FRAMME OG BAK.
Birgit har gjennom 59 års virke måla mange kister og skåp. Dei har ho alltid dekorert inni også, svært ofte med råmåling. Kubbestolane hennar er alltid dekorert heilt rundt.Bollar , fat og kaketiner har ofte lange og velvalde tekstborder. Dei første åra brukte Birgit Spikkeland ein særeigen grøn botnfarge, og ofte kunne fargane vere noko kalde. Men i dei seinare åra har ho blitt mykje dristigare. Ho varierer botnfargane meir og målar godt på blåtonar, trekvitt og guloker. I det siste har ho måla på ein dristig, vinraud botn. Birgit er svært nøye med forarbeid og grunning av gjenstandane. Ho har komponert ei rekke symmetriske mønster, men i dei seinare åra har ho i større grad prøvd seg med asymetriske mønster og varme, levande fargar. Ho er særs flink til å skrive tekster til gjenstandane. Men sjølv tykkjer ho ikkje at ho er flink nok med konturbordene. Det er det verste ho veit med heile rosemålinga, seier ho.

FRANS AV ASSISIS BØN - MÅTTE MASSEPRODUSERAST.
Rektor Nordaberg ved Kvås Kristelege Ungdomsskule beundra Birgit Spikkelands rosemåling og fekk henne til å måle ei stor tavle med Frans av Assisis bøn. Dette er blitt eit av favorittarbeida hennar som ho har måla om att og om att og om att igjen. Ho klarte aldri å lage nok av desse hustavlene. Difor fekk ho fotograf Haugå på Evje til å masseprodusere ei slik tavle i fleire ulike storleikar, slik at alle som ville kunne få kjøpe. Birgit har vore djupt forankra i den kristne trua heilt frå sin tidlege ungdom, og ho gler seg kvar gong ho kan overrekke ein kunde si kunstnarlege utforming av den kjende bøna.

AV KUNSTNARÆTT PÅ FARSIDA.
Far hennar var Svein Viki. Han var bonde og rosemålar og eldste i Frikyrkja i Valle. Kring 1910 gjekk han og lærde møbelsnekring og rosemåling på Arbeidsskulen på Norfjordeid i Nordfjord.Når faren sat og rosemåla, sat vesle Birgit og liksom saug inn inntrykk og fylgde nøye med ettersom rosene vaks fram og fekk si form. Svein Viki teikna ikkje på mønsteret først. Alt blei måla rett på gjenstanden. Birgit var levande med frå han begynte på botnfargen til den siste rosa var ferdig. Far hennar brukte mykje raud botnfarge. Han brukte sterke og djupe fargar i rosene.Rosene brukte å begynne med ein eller to C - ar i sentrum og hadde krullar og sveivar som smøygde seg harmonisk i kvarandre med store og små blad og blomar til utfylling. Ei yngre syster av Birgit, Borghild Tovslid i Skien, gjekk også på Sand og lærte rosemåling for Knut Hovden, men like etter utdana ho seg til sjukepleiar . Difor er det ikkje blitt så mykje måling for henne , men likevel har ho vunne premie på rosemålings-utstilling.

JENTER SKULLE IKKJE ROSEMÅLE. DET VAR ARBEID FOR MENN.
Då Birgit begynte på folkeskulen og skulle teikne, teikna ho sjølvsagt roser, blomar og fuglar med mjuke liner og gilde fargar.Dette heldt ho på med gjennom heile skuletida. Læraren oppmuntra henne og meinte at ho kom til å bli rosemålar som far sin. Faren ville ikkje høyre snakk om at dottera skulle rosemåle. I 1930 åra blei rosemåling rekna for karmannsarbeid. Då skulle jenter lage mat, stelle hus og born, karde ,veve og spinne. Alt i 13 års alderen gøymde Birgit seg vekk og måla i løynd med ei lita lampe til hjelp, etter at dei andre hadde lagt seg. Då sat ho med ei ganske lita lampe og klypte opp dei målingstubane faren hadde kasta og pressa tålmodig ut det versle som var att av fargar.Så måla ho på nokre småting ho tilfeldig hadde kome over og som ingen skulle ha til noko. Hadde ikkje Birgit hatt ei farmor til å oppmuntre seg, hadde ho nok ikkje kome på rosemålarskule. Ho hadde både evner og sans for brukstkunst, og kunstnarevna kjem nok frå hennar ætt. Morbroren til denne farmora var den kjende rosemålaren, Niklos Besteland , som truleg er den største rosemålaren Setesdal har fostra. Fleire av farmors brør var treskjerarar og rosemålarar. I kvar generasjon seinare har denne evna forgreina seg til mange av etterkomarane heilt ned til vår generasjon.

KURS I FORSVARET, POSTVERKET OG I FRIUNDERVISNINGA FLEIRE STADER.
Birgit Spikkeland likar vanlegvis ikkje å halde rosemålingskurs. Den spesielle pliktkjensla hennar får henne lett til å stresse meir enn det som godt er. Ho er svært oppteken av at alle får like mykje hjelp, men ho tykkjer det blir vanskeleg når dei same elevane prøver å "snike" i køen under heile kurset . Det har ho opplevd litt for mange gonger. Då ho budde på Surteland, heldt ho rosemålingskurs både på Høietun i heimbygda og på Byremo eit par år. På 1970 - talet heldt Birgit 16 rosemålingskurs for rekruttane på Evjemoen over fire år. Då hadde ho 10 - 12 elevar på kvart kurs, ein gong 18. Dei som ikkje var så interesserte, hoppa fort av, så ho blei sitjande att med dei mest interesserte rekruttane. Dei var unge, stillhendte og hadde godt syn, seier Birgit , og ho tykkjer at dette var dei gildaste kursa ho har halde. I fire år har Birgit halde kurs for tilsette i postverket på Bergsjø turisthotell i Ål i Hallingdal, og eit år på Fagerhøy fjellstove i Mykingen. På Bortelidsæter turisthotell i Åseral har ho halde to kurs.I Kvås har ho i seks år demonstrert rosemåling på Undelandsdagen som Norsk Luthersk Misjonssamband arrangerer kvart år.

FAMILIEMÅLAR SOM ER ALTFOR LITE KJEND.
Birgit Spikkeland har bruka ein stor del av livet sitt til å måle for familien, og det angrar ho ikkje på. Dette har ført til at det meste ho har måla aldri har har kome utafor familien. Då må det føyast til at Birgit definerer familie langt utover barn og barnebarn. Slik har skikken vore i Setesdal heilt opp til hennar generasjon. Produksjonen hennar har likevel vore ganske stor. Seinast i 1997 fekk Birgit tilbod om å kome å undervise ved Det Norsk - Amerikanske Museet i Decorah, Iowa. Eit barnebarn som kan engelsk, hadde lova å fylgje henne som tolk, men Birgit føler seg ikkje trygg til å reise når ho ikkje kan engelsk. Men måle, det kan ho. Dei siste åra har Evje og Hornnes museum kjøpt opp mange av dei gode tinga Birgit hadde teke til side for seg sjølv. Ho gler seg nå over at eit større publikum kan få sjå inn i ein del av "rosehagen" hennar." Nå målar eg berre for familien og for museet," seier ho.

Evje 16/5 - 1998
Sigmund Monen
4660 Evje

Layout & design: NR

...................